søndag 5. mai 2013

Hentesett i fletter


Mønster: Du store alpakka Garn: BabySilk & Faerytale Pinner: 3 og 3,5. 7 til pleddet



Då var hentesettet til baby i magen klart! Det har vore ferdig strikka ei god stund allereie, men eg har ikkje festa trådar før idag. Mangla nokre knappar også, og ca 18 veker, så kan vi hente heim babyen i dette ♥ Dette var veldig kjekt å strikke, sjølv om eg er veldig glad for at eg slepp å strikke meir av det flettemønsteret akkurat no, hehe. No gleda eg meg til nye prosjekt.

:-)

fredag 3. mai 2013

Drops Supersale

Som veldig mange har fått med seg er det no drops supersale, med 35% rabatt på ullkvaliteter frå drops. Då må det berre planleggast og hamstrast litt! :-) Her er det eg har kjøpt inn til:

Denne har dattera mi hatt før, då var det mamma som strikka den til henne med ein vri. Den er blitt for liten, så no treng ho seg ny! :-) Skal strikkast i Drops Andes.

Dette hekla eg til søskenbarnet mitt når ho kom til verda. Baby i magen må også få seg eit slikt, i rein alpakka. <3 Nydelig.

Heildress i strl 6-9 mnd og 3-4 år. Matchande dressar til storesyster og lisjebaby! :-) Skal strikkast i andre fargar.

I tillegg har eg kjøpt litt sokkegarn, og bestilt noko til mamma også! :-) HURRA, gleda meg til pakken kjem neste veke! Skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir meir handling i slutten av mai, også. Løp og kjøp alle saman!!


mandag 29. april 2013

Hoot hoot! Uglelue


 
Denne søte uglelua er strikka i drops eskimo, og er rask å strikke! Eg strikka den på eit par timar mens søta sov. :-) Vil du strikke denne finn du oppskrifta her, den kostar i underkant av 35 kr og er på engelsk. Link til norsk - engelsk strikkeordliste finn du i høgresida.

Eg strikka den fyrst på pinne nr 6, men den blei altfor lita! Passa sikkert til babyen i magen den. Så då måtte eg prøve på nytt med pinne nr 8, og då blei den heilt perfekt :-)