tirsdag 14. mai 2013

Wonder Wave

Menst eg venta på den store pakken min med garn frå strikkenett.no, måtte eg finne meg noko raskt og fint å strikke. Valget falt på denne nydelige korterma jakka med bølge- og hullmønster! Jenny synst den var kjempefin, og det er det viktigaste :-) ♥ Brukte 6 kveldar på denne, og måtte vente to ekstra dagar på pakken. Krise! Hehe. Fikk montert en uferdig mariusgenser og reparert litt på en mariusdress som har vore brukt i 1,5 år både i barnehage og ellers. Rart den passa enda, men den har strekt seg mykje :-) Har altså ikkje hatt pause desse dagane heller, merkelige greier ;-)

Oppskrift: Wonder Wave
Garn: Pt Petunia
Pinne: 4

mandag 13. mai 2013

Tips: Made with love



Tenkte å komme med eit tips idag! Desse har eg kjøpt på eBay, for under 9 kr for ein meter!  I tillegg kjem ca 33 kr i frakt. Skal bruke dei som merkelappar og sy dei på det eg lagar. Håpe det vert fint! Dei var rett og slett kjemesøte synst eg. Du kan kjøpe dei HER, og det er fleire sortar enn disse! :-) Eg kunne godt tenkt meg at dei var på nynorsk eg då, men til den prisen så får engelsk funke! Veldig mykje dyrare å bestille personlege merkelappar frå norske eller svenske sider.

søndag 5. mai 2013

Vognpose - Oppskrift


Eg har strikka vognpose til Jenny. Den brukast når vi vil ha noko litt lettare og luftigare enn lammeskinnsposen, men ikkje ligge rett i vogna :) Kan brukast med og uten dyne i!

Legg opp 45 m med Drops Polaris eller dobbel tråd Drops eskimo på Pinne 20. Strikk fram og tilbake rillestrikk i ca 108 cm (Tilpass lenga etter vogna). Då skal vi til på underlaget ved haude. Fell av, til det gjenstår 24 m på høgre side, sett frå vranga. * 3 m rett, fortsett med glattstrikk på vranga, avslutt med 3 m rett* Strikk ca 25 cm der du gjentek frå *-*, før du avsluttar med 3 riller ( 2 p rett x 3 ) og feller av.

Pass på at det er glattstrikk på vrangsida, for då blir vrangsida inn mot ungen på resten av posen. Måla her er tilpassa ei Emmaljunga City Cross. Brukte ca 600 g Drops Polaris.

Hentesett i fletter


Mønster: Du store alpakka Garn: BabySilk & Faerytale Pinner: 3 og 3,5. 7 til pleddet



Då var hentesettet til baby i magen klart! Det har vore ferdig strikka ei god stund allereie, men eg har ikkje festa trådar før idag. Mangla nokre knappar også, og ca 18 veker, så kan vi hente heim babyen i dette ♥ Dette var veldig kjekt å strikke, sjølv om eg er veldig glad for at eg slepp å strikke meir av det flettemønsteret akkurat no, hehe. No gleda eg meg til nye prosjekt.

:-)

fredag 3. mai 2013

Drops Supersale

Som veldig mange har fått med seg er det no drops supersale, med 35% rabatt på ullkvaliteter frå drops. Då må det berre planleggast og hamstrast litt! :-) Her er det eg har kjøpt inn til:

Denne har dattera mi hatt før, då var det mamma som strikka den til henne med ein vri. Den er blitt for liten, så no treng ho seg ny! :-) Skal strikkast i Drops Andes.

Dette hekla eg til søskenbarnet mitt når ho kom til verda. Baby i magen må også få seg eit slikt, i rein alpakka. <3 Nydelig.

Heildress i strl 6-9 mnd og 3-4 år. Matchande dressar til storesyster og lisjebaby! :-) Skal strikkast i andre fargar.

I tillegg har eg kjøpt litt sokkegarn, og bestilt noko til mamma også! :-) HURRA, gleda meg til pakken kjem neste veke! Skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir meir handling i slutten av mai, også. Løp og kjøp alle saman!!