fredag 3. mai 2013

Drops Supersale

Som veldig mange har fått med seg er det no drops supersale, med 35% rabatt på ullkvaliteter frå drops. Då må det berre planleggast og hamstrast litt! :-) Her er det eg har kjøpt inn til:

Denne har dattera mi hatt før, då var det mamma som strikka den til henne med ein vri. Den er blitt for liten, så no treng ho seg ny! :-) Skal strikkast i Drops Andes.

Dette hekla eg til søskenbarnet mitt når ho kom til verda. Baby i magen må også få seg eit slikt, i rein alpakka. <3 Nydelig.

Heildress i strl 6-9 mnd og 3-4 år. Matchande dressar til storesyster og lisjebaby! :-) Skal strikkast i andre fargar.

I tillegg har eg kjøpt litt sokkegarn, og bestilt noko til mamma også! :-) HURRA, gleda meg til pakken kjem neste veke! Skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir meir handling i slutten av mai, også. Løp og kjøp alle saman!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar