lørdag 11. januar 2014

Sidan sist...

Hei!

No er det lenge sidan eg har lagt inn noko her. Sidan sist har babyen vår komt, og det vart ein bror! Og atter ein gong har vi fått verdens snildaste baby. Harmonisk og fornøgd med livet <3 Sivert har blitt 3,5 mnd alt. Jenny er veldig flink og det er lite sjalusi, snarare tvert i mot. Ho er veldig egen på broren sin og passa på :-)

For å starte blogginga igjen, legge eg rett og slett berre med 10 bilde av noko av det eg har laga siste mnd. Dei er stjelt frå instagramkontoen min, så kvaliteten er ikkje den beste. Satsa på at eg blir flinkare å legge ut bilde frå NO. :-D