tirsdag 18. juni 2013

På pinnane, og heklekroken


No er det lenge sidan eg har blogga her. Helde på med tre ganske store prosjekt samtidig, så det blir ikkje så fort ferdig verken det eine eller det andre. Det er uansett kjekt med litt variasjon :-)
Det eine eg held på med er eit hekla teppe som babyen i magen skal ha i vogna si. Ferdig med 4 av 9 fargar - men eg kjem til å hekle fleire ruter, så det blir ei ekstra i bredda, og ei i lengda. :-)



Ellers held eg på med to matchande heildressar. 1 strl 3-4 år og 1 i strl 6-9 mnd. Ferdig med eit bein på den største og to på den minste. Prøvde ut å strikke to bein i slengen for fyrste gong, og det er jo berre supert! Den foten, armen eller sokken nr 2 kan bli litt kjedelig...

To stk like bein! Ja, eine skal snuast når eg sette dei saman! :-)