Denne ulltrøya er sydd i kjempedeilig merinoull! Strl 4 år med 5 cm ekstra lengde.
made by H
mandag 20. januar 2014
lørdag 11. januar 2014
Sidan sist...
Hei!
No er det lenge sidan eg har lagt inn noko her. Sidan sist har babyen vår komt, og det vart ein bror! Og atter ein gong har vi fått verdens snildaste baby. Harmonisk og fornøgd med livet <3 Sivert har blitt 3,5 mnd alt. Jenny er veldig flink og det er lite sjalusi, snarare tvert i mot. Ho er veldig egen på broren sin og passa på :-)
For å starte blogginga igjen, legge eg rett og slett berre med 10 bilde av noko av det eg har laga siste mnd. Dei er stjelt frå instagramkontoen min, så kvaliteten er ikkje den beste. Satsa på at eg blir flinkare å legge ut bilde frå NO. :-D
No er det lenge sidan eg har lagt inn noko her. Sidan sist har babyen vår komt, og det vart ein bror! Og atter ein gong har vi fått verdens snildaste baby. Harmonisk og fornøgd med livet <3 Sivert har blitt 3,5 mnd alt. Jenny er veldig flink og det er lite sjalusi, snarare tvert i mot. Ho er veldig egen på broren sin og passa på :-)
For å starte blogginga igjen, legge eg rett og slett berre med 10 bilde av noko av det eg har laga siste mnd. Dei er stjelt frå instagramkontoen min, så kvaliteten er ikkje den beste. Satsa på at eg blir flinkare å legge ut bilde frå NO. :-D
tirsdag 18. juni 2013
På pinnane, og heklekroken
No er det lenge sidan eg har blogga her. Helde på med tre ganske store prosjekt samtidig, så det blir ikkje så fort ferdig verken det eine eller det andre. Det er uansett kjekt med litt variasjon :-)
Det eine eg held på med er eit hekla teppe som babyen i magen skal ha i vogna si. Ferdig med 4 av 9 fargar - men eg kjem til å hekle fleire ruter, så det blir ei ekstra i bredda, og ei i lengda. :-)
Ellers held eg på med to matchande heildressar. 1 strl 3-4 år og 1 i strl 6-9 mnd. Ferdig med eit bein på den største og to på den minste. Prøvde ut å strikke to bein i slengen for fyrste gong, og det er jo berre supert! Den foten, armen eller sokken nr 2 kan bli litt kjedelig...
To stk like bein! Ja, eine skal snuast når eg sette dei saman! :-)
tirsdag 14. mai 2013
Wonder Wave
Menst eg venta på den store pakken min med garn frå strikkenett.no, måtte eg finne meg noko raskt og fint å strikke. Valget falt på denne nydelige korterma jakka med bølge- og hullmønster! Jenny synst den var kjempefin, og det er det viktigaste :-) ♥ Brukte 6 kveldar på denne, og måtte vente to ekstra dagar på pakken. Krise! Hehe. Fikk montert en uferdig mariusgenser og reparert litt på en mariusdress som har vore brukt i 1,5 år både i barnehage og ellers. Rart den passa enda, men den har strekt seg mykje :-) Har altså ikkje hatt pause desse dagane heller, merkelige greier ;-)
Oppskrift: Wonder Wave
Garn: Pt PetuniaPinne: 4
mandag 13. mai 2013
Tips: Made with love
Tenkte å komme med eit tips idag! Desse har eg kjøpt på eBay, for under 9 kr for ein meter! I tillegg kjem ca 33 kr i frakt. Skal bruke dei som merkelappar og sy dei på det eg lagar. Håpe det vert fint! Dei var rett og slett kjemesøte synst eg. Du kan kjøpe dei HER, og det er fleire sortar enn disse! :-) Eg kunne godt tenkt meg at dei var på nynorsk eg då, men til den prisen så får engelsk funke! Veldig mykje dyrare å bestille personlege merkelappar frå norske eller svenske sider.
søndag 5. mai 2013
Vognpose - Oppskrift
Eg har strikka vognpose til Jenny. Den brukast når vi vil ha noko litt lettare og luftigare enn lammeskinnsposen, men ikkje ligge rett i vogna :) Kan brukast med og uten dyne i!
Legg opp 45 m med Drops Polaris eller dobbel tråd Drops eskimo på Pinne 20. Strikk fram og tilbake rillestrikk i ca 108 cm (Tilpass lenga etter vogna). Då skal vi til på underlaget ved haude. Fell av, til det gjenstår 24 m på høgre side, sett frå vranga. * 3 m rett, fortsett med glattstrikk på vranga, avslutt med 3 m rett* Strikk ca 25 cm der du gjentek frå *-*, før du avsluttar med 3 riller ( 2 p rett x 3 ) og feller av.
Pass på at det er glattstrikk på vrangsida, for då blir vrangsida inn mot ungen på resten av posen. Måla her er tilpassa ei Emmaljunga City Cross. Brukte ca 600 g Drops Polaris.
Abonner på:
Innlegg (Atom)